Bryne FK nærmar seg ny tribune på stadion



Bryne FK nærmar seg ny tribune på stadion


Når Team Bygg varslar grønt lys for ny blokk i klokkesvingen, markerer det første steg i utviklinga av Bryne stadion, med overbygt ståtribune.
 

Hentet fra jbl 21.11.2018 
Forfatter: Snorre Standish Norheim
Illustrasjon: ARC Arkitektur

Ingvar Sikveland i Team Bygg stadfesta denne veka at leilegheitsprosjektet i klokkesvingen skal leggjast ut for sal neste vår. Heilt sidan den første planen for Bryne stadion vart lagt fram for politisk behandling, i 2012, har det lege inne ein tribune i nordre sving. Nå kan han også stadfesta at tribunen skal byggjast, som planlagt.

- Den blir bygt saman med bygget, og blir ein integrert del av bygningskroppen, med eit lite halvtak over, seier Sikveland.

- Eg trur det vil bety ganske mykje for Bryne stadion, det blir meir intimt når den sida blir stengt av. Så eg trur absolutt det vil vera positivt for kampavviklinga.

Plank arkitekter skal teikna prosjektet. Det trengst 70 prosent sal før byggjearbeida kan starta. Med forventa progresjon og litt medgang, trur Sikveland det målet kan bli nådd i løpet av 2019. Med oppstart tidleg i 2020 og eit godt års byggjetid, kan den nye tribunen stå klar til sesongstart 2021. Utan å sitja på konkrete tal, reknar han med at det vil vera mellom 600 og 800 ståplassar.[Rundt påsketider startar salet av dei 30 leilegheitene som Team Bygg skal byggja på Bryne stadion, opplyser dagleg leiar Ingvar Sikveland. Foto: Brit Romsbotn]Rundt påsketider startar salet av dei 30 leilegheitene som Team Bygg skal byggja på Bryne stadion, opplyser dagleg leiar Ingvar Sikveland. Foto: Brit Romsbotn
 

Trimpark og leikeplass

For å få lov til å byggja, må Team Bygg oppfylla fleire rekkjefølgjekrav. I søre enden av hovudbanen skal dei opparbeida eit uteopphaldsareal for idrettsanlegg, med tre og vegetasjon for å gje området eit grønt preg. Her vil det liggja trimpark og leikeplass, og skal koplast til bustadblokka med ein ny gangveg, mellom dagens ståtribune og hovudbanen.

- Det er klart at anlegget generelt, treng ei opprusting. Det er det ikkje nokon tvil om. Med det som skal byggjast mellom treningsbanen og hovudbanen òg, så er det er klart at det vil bli eit litt meir komplett anlegg, når det står ferdig, seier Ingvar Sikveland.

- Det har me veldig stor tru på. Det er eit prosjekt eg håper me kan koma i gong med snart, for det kjem til å løfta heile stadionområdet, med tanke på trim, leik og fritid, seier Asle Tjøtta, dagleg leiar i Bryne FK.
 

Ser mot nord og aust først

Ståtribunen er ein del av vederlaget Bryne FK fekk då klubben selde tomta. Klubben har langsiktige planar om å få til nye sitjeseksjonar på kvar langside, i vest og aust, i tillegg til ståtribunen i nordre sving. Klubben vil først prøva å realisera ein sitjetribune på dagens Store stå, utan at det arbeidet er tidfesta.

- Frå klubben si side blir det å utvikla austsida først, men med har ikkje tidfesta noko. Det er klart at det er ei investering klubben må ta. Men me kjem nok til å vurdera det i samband med at Team Bygg skal gå i gong, med tanke på at det vil vera mest praktisk. Så må me sjå på finansieringa og økonomien i det, sjølvsagt, seier Tjøtta.
 

Må prioritera kunstgrasbane

For å kunna starta med langsidene, må klubben først leggja kunstgras på hovudbanen. Reguleringsplanen opnar for ein parkeringshall under banen, men dei planane er nå lagde vekk. Finansieringa av kunstgrasbanen vil vera ein vanleg modell med tredeling, mellom kommune, klubb og spelemidlar.

- Det er klart at det er mykje enklare, reint praktisk, å løysa det som ein del av utbygginga i nordre sving. Alt heng saman med alt her, med tanke på økonomi og rekkjefølgjekrav. Det ligg inne som reguleringskrav frå kommunen, så me er nøydde til å gjera før eller seinare.[I sommar måtte Bryne FK vatna for å halda liv i graset, under den langvarige tørka. I framtida skal det leggjast kunstgras på hovudbanen, for å betra banekapasiteten i klubben. Foto: Jone Gjerde]I sommar måtte Bryne FK vatna for å halda liv i graset, under den langvarige tørka. I framtida skal det leggjast kunstgras på hovudbanen, for å betra banekapasiteten i klubben. Foto: Jone Gjerde

Asle Tjøtta presiserer at bygginga av ny idrettshall er eit prosjekt for seg, som står på eigne bein, og at det prosjektet ikkje heng saman med utviklinga av tribuneanlegget.
 

Ny hovudtribune ligg lenger fram

Endå lenger fram i tid, ligg realiseringa av ein ny hovudtribune. Asle Tjøtta seier at nøkkelen vil vera å få til vekselbruk av areala i bygningskroppen, gjennom utleige til andre aktørar. Ein annan føresetnad, for finansieringa, er at Jadarhus nyttar seg av opsjonen til å kjøpa tomta i søre enden av stadion, for å byggja to leilegheitsblokker.

- Så langt har me følgt same framgang som Team Bygg, gjennom å vera del av same planen. Når rammevilkåra for å gå i gong med vidare detaljering, vil me òg tenkja på det, men me er ikkje komne så langt som det Ingvar Sikveland gjer greie for. Men me tenkjer å realisera vårt prosjekt òg, når dei ytre vilkåra er på plass, seier administrerande direktør Rune Hatlestad.

Reguleringa for Røsslyngvegen, som skal vera tilkomstveg for leilegheitsprosjektet, vart godkjent i kommunestyret i år.
 
teambygglogo
​Besøksadresse: Arne Garborgs veg, 4340 Bryne  
Postadresse: Vardheivegen 11, 4340 Bryne