Team Bygg går vidare med stadionbygg



Team Bygg går vidare med stadionbygg


Planen er å starta salet av dei 30 nye leilegheitene på Bryne stadion til våren.
 

Hentet fra jbl.no 18.11.2018. 
Forfatter: Brit Romsbotn
Foto: Brit Romsbotn

– Ikkje mange får tilbod om å bu på ein stadion. Me er spent på korleis interessa blir, seier dagleg leiar Ingvar Sikveland i Team Bygg.
 

Utsyn over grasmatta

På stadion på Bryne, i det som går under namnet Klokkesvingen eller Nordre sving, skal Team Bygg skal byggja 30 leilegheiter. Bygget blir i fem etasjar med ein sjette etasje som er trekt inn.
Under leilegheitene blir det underjordisk garasjeanlegg. På bakkeplan skal det vera 1000 kvadratmeter næringsareal. Utsynet til leilegheitene er mot sørvest og utover den grøne grasmatta. – Og me garanterer at ingen ting vil bli sett opp på plassen framføre, seier Sikveland og smiler.
 

Trur marknaden tek seg opp

Reguleringsprosessen starta i 2011 og området var klart for bygging i 2016. Men først i sist veke bestemte byggefirmaet seg for å gå i gang. Firmaet Plank Arkitekter AS er engasjert for å teikna prosjektet.

– Kva er grunnen til at de har bestemt for å gå vidare med planane akkurat no?
– Me trur dette tidspunktet er det rette, og me ser lyst på framtida når det gjeld bustadsalet. Det er teikn på at marknaden vil ta seg opp igjen, og me har god tru på 2019 og 2020. Det er heller ikkje så mange andre prosjekt av same type, og me reknar absolutt med interesse i marknaden. Det er heilt sikkert dei som ikkje kan tenka seg å bu ved ein fotballbane, men det finst heilt sikkert mange som ønskjer det òg, svarer Sikveland.
 

70 prosent må vera selde

Planen er leilegheiter frå kring 65 kvadrat og opp mot 120-130. Sikveland ser ikkje føre seg at kjøparane er folk som etablerer seg for første gong. 

For at bygginga skal starta, må 70 prosent av dei 30 leilegheitene vera selde.
Ingvar Sikveland seier også at dei har henta inn analysar av marknaden. Statistikk som er laga, syner at talet på innbyggjarar som er 30 år og meir, vil auka på Bryne i framtida.

– Også det er noko me har i bakhovudet når me no går i gang, seier den daglege leiaren. Håpet er byggjestart i 2020, med ferdigstilling i 2021. For Team Bygg inneber prosjektet investeringar på kring 120 millionar kroner.
 

Startar salet etter påske

– Kva type næring trur du at kan bli aktuelt i området?
– Me er sjølv usikre på det, men tenkjer at det kan bli aktuelt både med kontorarbeidsplassar og butikkdrift. Eg reknar også med at me vil sjå meir interesse etter kvart som bygginga kjem i gang. Det er vanskeleg å marknadsføra noko som ikkje er sett i gang, seier Sikveland.

Team Bygg reknar med at salet av dei 30 leilegheitene på Bryne stadion startar like etter påske.
 
teambygglogo
​Besøksadresse: Arne Garborgs veg, 4340 Bryne  
Postadresse: Vardheivegen 11, 4340 Bryne